Viktig informasjon om Koronaviruset
Bannerbilde som viser noe helserelatert

Giske kommunale legesenter AS

Her kan du kontakte oss trygt og enkelt

Bilde som representerer legekontoret

Velkommen til heimesida vår. 

Du kan også bestille timar via https://helsenorge.no/ (innlogging via BankID). Der kan du finne timar sjølv, bestille resepter, kontakte resepsjonen (E-kontakt) eller kommunisere med oss via e-konsultasjon.

Elles er du velkomen til å ta kontakt på telefon dersom du ønskjer det.

 

Influensavaksinering

24. september 2020 kl. 10:23

Høsten er her, og med den kjem også årets influensavaksine. Den er forventa levert i veke 43. 

Influensavaksina er kun effektiv mot infeksjon forårsaka av influensavirus, og vil ikkje beskytte mot Covid-19. Vaksinering er likevel viktig for å unngå dobbeltinfeksjon med influensa og Covid-19. 

Influensavaksine anbefalast spesielt for: 

  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko 
  • Beboera i omsorgsboligar og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Born og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukkdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorlig fedme (KMI over 40)
    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege.

I tillegg anbefales influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Husstandskontakter til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande griser. 

Fram til 1. desember er det kun personer i risikogrupper som får vaksina.

Regjeringa har i år vedteke at sjølve influensavaksina skal vere gratis til personar i risikogruppene.

For å oppretthalde smittevernreglane er det viktig at alle som skal ha vaksine avtalar tid til dette. Det er ikkje mogleg med drop in timar.

 

Koronatesting i Giske kommune.

27. august 2020 kl. 12:50

 

  • Giske kommune har no fleire mulegheiter for den som ønskjer å teste seg: 
    • Gå til https://c19.no Følg lenka til Koronasjekk for å sjå om du bør teste deg.
    • Trykk på «Bestill tidspunkt for testing» og logg inn med digital ID, til dømes BankID.
    • Fyll ut skjemaet. Merk at du også kan bestille testing på vegne av andre.
    • Når du har sendt inn skjemaet blir du tildelt første ledige tidspunkt for testing.
    • Du får opp ei kvittering på bestillinga di. Merk deg kvar og når du skal møte opp. Kvitteringa inneheld også andre opplysningar som det er viktig at du leser. I kartet under ser du kvar du skal køyre og vente når du skal testast.
    • Teststasjonen i Giske er lokalisert ved sidan av Frivillighetssentralen på Valderøya. Adressa er: Valderhaug 12, 6050 Valderøya.
    • Om du ikkje har høve til å bestille test elektronisk, kan du ringe vakttelefon på tlf 482 05 845  mandag -fredag mellom kl.09-11 for å avtale testing. 

 

  • Er du alvorleg sjuk og treng øyeblikkeleg hjelp?
    Ring legevakt tlf. 116 117
     
  • Står liv og helse i fare? Ring tlf. 113

Raskere koronasvar via Helsenorge.no

3. juli 2020 kl. 16:01

Du kan no sjølv sjekke svaret på koronatesten din på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og besvart 

https://www.fhi.no/nyheter/2020/raskere-koronasvar-via-helsenorge2.no-og-kjernejournal/