Viktig informasjon om Koronaviruset

Aktuelt


Opningstider jul og nyttår

22. desember 2020 kl. 16:28

Vi har følgjande opningstider jul og nyttår 2020:

24.12       09.00-12.00. 

25.12       Stengt

28.12       08.15-15.30

29.12       08.15-15.30

30.12       08.15-15.30

31.12       09.00-12. 00

01.01       Stengt  

 

LEGEVAKT

Ved behov for lege utanom kontortid, ring legevaktnummer 116 117.

I Giske:
Alle dagar: 08.00-22.00
Felles nattlegevakt i Ålesund:
Alle dagar: 22.00-08.00

 

    

Influensavaksine

12. november 2020 kl. 10:42

I følge FHI vil vi få 100 vaksiner levert i slutten av veke 49. For bestilling av time kan ein enten sende sms til 2097 eller ringe 70 18 85 00. Vaksinen er fortsatt forbeholdt personer i risikogrupper. "Førstemann til mølla" prinsippet vil praktiserast. 

Rutiner ved oppmøte under koronapandemien

11. november 2020 kl. 09:33

For å unngå for mykje folk på venterommer ynskjer vi at dei som kan det, venter i bilen sin til legen ringer. Dette gjeld også dei som har time på behandlingsrom. Skal du på laboratoriet gjer du som normalt, men hald mest mogleg avstand til dei andre på venterommet. 

Om du har luftveissymptom som hoste, sår hals eller rennande nase skal du ikkje møte opp direkte på legesenteret. Ring oss først slik vi får snakke med deg og gjere ein avtale. 

Bruk antibac når du kjem og når du går. Vis hensyn og ta vare på deg sjølv. 

 

 

Tomt for influensavaksiner

10. november 2020 kl. 08:56

På grunn av koronapandemien har det vore rekordhøg etterspurnad etter infulensavaksine i år. Vi er no tom, men håper vi får litt fleire doser frå FHI, tidligst i veke 49. Det vil ikkje vere mogleg å reservere vaksine, då vi ikkje veit antalet vi får. Vi vil legge ut informasjon på heimesida så snart vi veit noko meir.

Influensavaksinering

24. september 2020 kl. 10:23

Høsten er her, og med den kjem også årets influensavaksine. Den er forventa levert i veke 43. 

Influensavaksina er kun effektiv mot infeksjon forårsaka av influensavirus, og vil ikkje beskytte mot Covid-19. Vaksinering er likevel viktig for å unngå dobbeltinfeksjon med influensa og Covid-19. 

Influensavaksine anbefalast spesielt for: 

  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko 
  • Beboera i omsorgsboligar og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Born og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukkdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorlig fedme (KMI over 40)
    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege.

I tillegg anbefales influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Husstandskontakter til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande griser. 

Fram til 1. desember er det kun personer i risikogrupper som får vaksina.

Regjeringa har i år vedteke at sjølve influensavaksina skal vere gratis til personar i risikogruppene.

For å oppretthalde smittevernreglane er det viktig at alle som skal ha vaksine avtalar tid til dette. Det er ikkje mogleg med drop in timar.

 

Koronatesting i Giske kommune.

27. august 2020 kl. 12:50

 

  • Giske kommune har no fleire mulegheiter for den som ønskjer å teste seg: 
    • Gå til https://c19.no Følg lenka til Koronasjekk for å sjå om du bør teste deg.
    • Trykk på «Bestill tidspunkt for testing» og logg inn med digital ID, til dømes BankID.
    • Fyll ut skjemaet. Merk at du også kan bestille testing på vegne av andre.
    • Når du har sendt inn skjemaet blir du tildelt første ledige tidspunkt for testing.
    • Du får opp ei kvittering på bestillinga di. Merk deg kvar og når du skal møte opp. Kvitteringa inneheld også andre opplysningar som det er viktig at du leser. I kartet under ser du kvar du skal køyre og vente når du skal testast.
    • Teststasjonen i Giske er lokalisert ved sidan av Frivillighetssentralen på Valderøya. Adressa er: Valderhaug 12, 6050 Valderøya.
    • Om du ikkje har høve til å bestille test elektronisk, kan du ringe vakttelefon på tlf 482 05 845  mandag -fredag mellom kl.09-11 for å avtale testing. 

 

  • Er du alvorleg sjuk og treng øyeblikkeleg hjelp?
    Ring legevakt tlf. 116 117
     
  • Står liv og helse i fare? Ring tlf. 113

Raskere koronasvar via Helsenorge.no

3. juli 2020 kl. 16:01

Du kan no sjølv sjekke svaret på koronatesten din på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og besvart 

https://www.fhi.no/nyheter/2020/raskere-koronasvar-via-helsenorge2.no-og-kjernejournal/

Råd om koronavirus (coronavirus)

28. februar 2020 kl. 10:16

Giske kommune følgjer råd frå Folkehelseinstituttet rundt koronaviruset. Dei følgjer nøye med på situasjonen og gir informasjon og råd til myndigheitene og helsetenestane. På deira faktaside vil du som innbyggar finne meir informasjon om viruset, korleis det smittar, hygieneråd og kva du skal gjere om du mistenker at du er sjuk.

Gå til Folkehelseinstituttet si faktaside for utfyllande informasjon:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/fakta-om-koronavirus-coronavirus-2019-ncov/#smittemaate

Om du mistenker at du er sjuk med det nye viruset kan du ringe legekontoret eller legevakt på telefon 116117. 

Symptomane på sjukdommen er som ved andre luftveisinfeksjoner, som hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.

Kontakt lege på telefon viss du har slike symptom og har vore i minst ein av følgande situasjonar: 

  • Har vore i eit område med vedvarende spreiing av koronaviruset dei siste 14 dagane.
  • Har hatt nærkontakt med ein person som er stadfesta sjuk med det nye koronaviruset i løpet av dei siste 14 dagane.

Helsedirektoratet har oppretta ein informasjonstelefon for spørsmål om korona. Nummeret til informasjonstelefonen er 815 55 015. Hit kan du ringe for meir generell informasjon.

 

Slutt på kontantbetaling

30. januar 2020 kl. 09:51

Fra 23.01.20 er det ikkje lenger mogleg å betale med kontantar ved legesenteret. Ein kan betale med kort, faktura eller mobilbetaling. 

Ved spørsmål, ta kontakt med resepsjonen.